Ber reise- og næringsliv byggje ladestasjonar
Utfordring frå NAF.
(NPK-NTB): NAF utfordrar hotell og kjøpesenter til å bidra i overgangen til elektrisk transport. Dei ønskjer at næringane byggjer fleire destinasjonsladarar.
– Behovet for å lade elbilen medan ein overnattar eller handlar er stort, og vil vekse kraftig framover, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF i ei pressemelding.
I dag finst det om lag 400.000 elbilar på norske vegar, og talet vil auke kraftig i åra som kjem.
– Om under fire år vil det vere nesten éin million elbilar. Derfor oppmodar vi i Naf hotell, kjøpesenter og stader der det er naturleg å stoppe over litt tid, å få på plass såkalla destinasjonsladarar for elbilar, seier ho.
Destinasjonsladarar er halvraske ladarar for elbil, som fyller batteriet over natta eller på nokre timar. Den er raskare enn stikkontakten, men langsamare enn hurtigladaren.
NAF meiner ladeinfrastrukturen langs norske vegar er under pari.
– Det manglar 500 hurtigladarar langs vegane. Samtidig stig elbilsalet år for år, og i år kjem det rundt 100.000 nye elbilar på vegane. Derfor vil behovet for lading på hotell, kjøpesenter, utfartsparkeringar, alpinanlegg, museum og andre stader der det er naturleg å stoppe bilen ei stund berre vekse framover, seier Ryste.
(©NPK)
Publisert: 12.08.2021 10:05
Sist oppdatert: 12.08.2021 10:08