Kort fortalt

Ber statsråden svare om krill-strid

Jenny Klinge vil ha svar frå fiskeriministeren.

06.03.2025

I starten av august 2024 stilte bransjeorganisasjonen Fiskebåt spørsmål spørsmål til Nærings- og fiskeridepartementet om Fiskeridirektoratet si godkjenning av eigarendringa i Aker Biomarine. 

Det skjedde etter at eit fond sett opp av det amerikanske investeringsselskapet American Industrial Partners, blei majoritetseigar i Aker Qrill Company - eit selskap skilt ut frå Aker Biomarine. 

Spørsmålet frå Fiskebåt er om den reelle kontrollen over krillkonsesjonane er eigd av utlendingar - og om det er i strid med deltakarlova - som krev at kontrollen skal vere på norske hender.

Fiskeriministeren har enno ikkje svart.

No har stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) tatt opp saka i eit skriftleg spørsmål til fiskeriministeren:

"Gitt at statsråden er samd i at Deltakarlova sin intensjon er å forebygge konsentrasjon av eigarskap og rettigheiter hos enkeltaktørar og å unngå at norske ressursar hamnar på utanlandske hender, korleis ser ho på den aktuelle problematikken kring konsesjonar til krillfiske i Antarktis?", spør Klinge.

Publisert: 06.03.2025 11:39

Sist oppdatert: 06.03.2025 11:39