Marianne Sivertsen Naess Fiskebat arsmote 2025 foto Ogne
I TENKNEBOKSEN: Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss har fått krillstriden mellom Kjell Inge Røkke og Stig Remøy i fanget, men er ikkje ferdig med sakshandsaminga. Biletet er frå årsmøtet i bransjeorganisasjonen Fiskebåt tidlegare i februar. Fiskebåt har stilt spørsmål ved kontrollen av dei norske krillkonsesjonane og ventar også på svar frå fiskeriministren.. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Har brukt over eit halvt år på krillstrid

Fiskeriministeren framleis ikkje ferdig med å vurdere amerikansk medeigarskap i Aker-selskap.

19.02.2025

I starten av august 2024 stilte bransjeorganisasjonen Fiskebåt spørsmål spørsmål til Nærings- og fiskeridepartementet om Fiskeridirektoratet si godkjenning av eigarendringa i Aker Biomarine. 

Det skjedde etter at eit fond sett opp av det amerikanske investeringsselskapet American Industrial Partners, blei majoritetseigar i Aker Qrill Company - eit selskap skilt ut frå Aker Biomarine. 

Ikkje ferdig
Spørsmålet frå Fiskebåt er om den reelle kontrollen over krillkonsesjonane er eigd av utlendingar - og om det er i strid med deltakarlova - som krev at kontrollen skal vere på norske hender. 

Sidan har fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss hatt saka på sitt bord. Statsråden er er enno ikkje ferdig med å behandle saka.

I mellomtida har striden mellom Aker Qrill Company og Rimfrost kome inn som eit nytt element. Dei norske aktørarne er dominerande i fiske etter krepsesarten som lever i farvatna rundt Antarktis.

Fleire stridsspørsmål
Aker-konsernet og Rimfrost, med høvesvis Kjell Inge Røkke og Stig Remøy som dominerande eigarar, har tidlegare hatt fleire rundar i rettsvesenet knytt til krillfisket. 

No er dei på kollisjonskurs igjen. Denne gangen er partane usamde om krilltrålaren Rimfrost bestilte, men der kontrakten med byggeverftet i Tersan Shipyard i Tyrkia vart heva etter at  Rimfrost og Westcon - som skulle fullføre utrustninga av fartøyet - rauk uklar.

I januar sende Aker Qrill Company pressemelding og at selskapet  har avtalt å kjøpe fartøyet frå verftet, og vil bygge om til eige bruk og fiske på ein av Aker Qrill Company sine lisensar. 

Rimfrost har allereie hatt møte med departementet, og Aker Qrill Company har bedt om det same. 

I første omgang er spørsmålet om Aker Qrill Company skal få det naudsynte løyvet til å overta skipet. Rimfrost har også utfordra Fiskeridirektoratet si godkjenning av Aker Biomarine sitt sal til American Industrial Partners.

«Vi har denne saken til vurdering»
Nett No har spurt departementet om framdrifta i saksbehandlinga, både når det gjeld Fiskeridirektoratet si godkjenning av salet til American Industrial Partners, og når det gjeld løyve til å kjøpe fartøyet som Rimfrost opphavleg bestilte. 

«Vi har denne saken til vurdering og kan derfor på nåværende tidspunkt ikke kommentere saken», svarar departementet.

Også Fiskeridirektorat er taust: 

«Vi kommenterer ikke på saken i sin helhet, dermed heller ikke på spørsmålet som angår detaljer eller fakta, av hensyn til saksbehandlingen.Dermed må du eventuelt komme tilbake til oss på en senere tidspunkt i saksbehandlingsprosessen. For øyeblikket er den hos Nærings- og fiskeridepartementet som nevnt», svara direktoratet i slutten av januar. 

Det direkte spørsmålet var om det stemmer at direktoratet berre brukte få dagar på å godkjenne eigarendringa då American Industrial Partners ble medeigar, slik Rimfrost-styremedlem Tore Hopen skreiv i eit innlegg i Nett No.

Publisert: 19.02.2025 05:00

Sist oppdatert: 18.02.2025 20:37

Mer om