Kort fortalt

Ber straumbransjen rydde opp

Regjeringa ber straumbransjen om å få plass meir standardiserte og forbrukarvennlege avtalar.

26.01.2023

Samtidig vurderer regjeringa å innføre eit makspåslag på straum.

– Forbrukarar som vil ha enkle og oversiktlege straumavtalar, skal sleppe å leite med lys og lykter etter det. Eg forventar at bransjen no innan to veker har på plass ein standard spotprisavtale som alle straumselskapa kan tilby. Eg er kjend med at bransjen har kontakta Forbrukartilsynet om dette arbeidet, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) i ei pressemelding.

I eit møte han og forbrukarminister Kjersti Toppe (Sp) hadde med straumbransjen torsdag, varsla statsrådane at dei vurderer å innføre fleire tiltak i straummarknaden.

Blant tiltaka som blir vurderte, er forbod eller påbod for enkelte avtalar, makspåslag, pålegg om å opplyse om eventuell risiko knytt til avtalar og tiltak retta mot sal av andre produkt enn straum.

– Straumbransjen har ein jobb å gjere med å sørgje for at dei har tilliten til forbrukarane. Eg forventar at bransjen opptrer ryddig og påliteleg i møte med forbrukarar i ei tid der mange er bekymra for aukande prisar. Eg forventar at vi kan vere samde om dette målet, seier Toppe.

Publisert: 26.01.2023 14:43

Sist oppdatert: 26.01.2023 14:44