Ber vente med pass til hausten
Politiet innfører passavgrensingar.
Politiet innfører avgrensingar i utferding av pass og ID-kort i perioden fram til 1. juli. Dei ber alle utan omgåande behov for pass om å vente til hausten.
– Dette er ein utfordrande situasjon, men vi gjer det vi kan for at dei fleste skal få anten pass eller nasjonalt ID-kort før sommaren. Det er derfor vi no ser oss nøydde til å be innbyggjarane om å velje ein av delane, eller vente viss dei kan. Slik får vi utnytta den tilgjengelege kapasiteten best mogleg, seier avdelingsdirektør i Politidirektoratet, Bjørn Vandvik, i ei pressemelding.
Mange skal ut og reise etter to år med pandemi, og som ei følgje av dette har politiet sett ei dobling av passøknader i mars i år samanlikna med same månad i 2019.
Politiet ventar at ventetida for pass og ID-kort vil auke fram mot sommaren. Torsdag er ventetida på høvesvis fem og tre veker.
Personar som skal reise innanfor EU og EØS blir oppmoda av politiet til å velje eit nasjonalt ID-kort med reiserett.
– Dersom du berre treng legitimasjon, er dette eit svært godt alternativ, seier Vandvik.
Publisert: 28.04.2022 15:50
Sist oppdatert: 28.04.2022 15:52