Kort fortalt

Bergen-motorar til cannabisdyrking

Amerikansk selskap luktar på Bergen Engines-kjøp.

28.04.2021

Eit nytt selskap kastar seg inn i kampen om Bergen Engines etter at salet til eit russiskeid selskap vart stoppa. Det er eit IT-selskap som satsar på cannabis.

Kva som skjer med motorfabrikken Bergen Engines er framleis uklar. Eit sveitsisk selskap ønskjer å kjøpe fabrikken av dagens eigar, Rolls-Royce. No melder eit amerikansk IT-selskap òg interesse, skriv Bergens Tidende.

Power Analytics lagar programvare for styring av motorar, og ser eit stort potensial i motorane frå Bergen Engines. Dei vil bruke bergensmotorane i kombinasjon med sol- og vindkraft for å generere straum til kraftkrevjande kundar.

– Cannabisindustrien, til liks med bitcoinutvinning, treng mykje straum. Drivhusa må ha ein konstant temperatur, og produsentane risikerer høge rekningar og straumbrot frå nettet. Det vanlege nettet er ikkje stabilt nok, seier sjefen i selskapet Keith Barksdale til BT.

Han seier at prisen som det russiskeigde selskapet som først skulle kjøpe Bergen-selskapet skulle betale, rundt 1,5 milliardar kroner, høyrest grei ut.

Cannabis er legalisert i fleire amerikanske delstatar, både som rekreasjonsrusmiddel og til medisinsk bruk, og det er ein industri i sterk vekst.

Publisert: 28.04.2021 07:29

Sist oppdatert: 28.04.2021 07:32

Mer om