Kort fortalt

Berre ein av ti planlegg utanlandsferie

Dei fleste vil på noregsferie i sommar.

18.06.2021

(NPK-NTB): Dei fleste planlegg noregsferie i sommar, men nokre vil til utlandet, viser ei undersøking.

Undersøkinga som Kantar har gjort for NRK, viser at 12 prosent planlegg utanlandsferie, medan 71 prosent seier dei blir heime også denne sommaren.

9 av dei 12 prosentane svarer at dei ønskjer ferie i utlandet viss det er mogleg, medan dei resterande 3 prosentane svarer at dei uansett reiser til utlandet i delar av ferien.

1.687 personar har delteke i undersøkinga perioden frå 11. til 14. juni.

– Av dei som har sommarferie, reiser normalt seks av ti utanlands. Vi trur det handlar om at den siste tida har vore prega av lite føreseielegheit, og at det framleis er mykje uvisse om kva som er mogleg i juli, seier Astrid Bergmål, leiar for Virke Reiseliv, til NRK.

63 prosent svarer at dei vil feriere i Noreg, medan 8 prosent svarer at dei blir i heimkommunen. 16 prosent svarer at dei ikkje har klare planar.

Det siste døgnet er det registrert 219 koronasmitta i Noreg. Det er ni fleire enn same dag førre veke.

(©NPK)

Publisert: 18.06.2021 09:54

Sist oppdatert: 18.06.2021 09:59

Mer om