Kom inn 57 krav etter konkursen i Stordal Møbel i vår, men det vart lite att til kreditorane. Det kjem fram i beretningane frå bustyrar Bjørn-Ivar Borgund til Sunnmøre tingrett.
Mellom anna hadde DNB Bank eit krav på 8,2 millionar kroner som oversteig verdiane i selskapet. Alt av driftstilbehøyr og varelager vart abandonert av banken. I tillegg var det kome inn lønnskrav på kring to millionar som skal utbetalast frå Nav sitt lønsgarantifond.
Ifølgje sluttberetninga frå bustyrar vart det kring 23.000 kroner til utbetaling, som gjeld lønnskrav. Det utgjorde kring 2,5 prosent av kravet.
Førre veke blei buarbeidet innstilt og selskapet sletta.
Etter konkursen er det starta ny drift og Stordal Home Furniture overtok lokala og driftsmidlar i sommar.
Publisert: 17.10.2025 12:31
Sist oppdatert: 17.10.2025 12:31





