Kare Ytterlid produksjonsleiar Stordal Mobel foto Marius
FEKK TILBAKE JOBBEN: Kåre Ytterlid og dei andre i Stordal Møbel, har fått nytt arbeid i det nye selskapet Stordal Home Furniture. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kome godt i gong med nye eigarar

– Heilt supert, seier produksjonsleiar om ny oppstart i Stordal som gir arbeid til konkursråka tilsette.

Marius Rosbach
22.09.2025

Det er full aktivitet i lokala til tidlegare Stordal Møbel etter at nye eigarar har teke over drifta. 

Stordal Home Furniture er namnet på selskapet som no står for drifta, etter at nye aktørar kjøpte opp rettigheitene til den tradisjonsrike bedrifta. 

Dei fleste tilsette frå selskapet som melde oppbod i april, har fått ny jobbar i bedrifta. I dag teller dei 23 tilsette.

– Det er heilt supert at vi kunne starte opp igjen, og det var ikkje lenge folk var utan arbeid, fortel produksjonsleiar Kåre Ytterlid til Nett No.

Lagar framleis Stordal-møblar
Det estiske selskapet Ermatiko, som samarbeida med Stordal Møbel i ei årrekke, er dei nye eigarane av selskapet. 

– Vi har kome i gong i gong  med ein pen start på forsommaren, medan det no i haust er litt rolegare, seier styreleiar Martin Hermod Pedersen til Nett No.

– For augneblinken har vi godt med folk og jobbar med å fylle på med meir oppdrag, legg han til. 

Bedrifta vidarefører produksjonen av møblar frå Stordal Møbel-porteføljen på lisens frå Stordal Trading. 

Jobbar med å auke eksporten
Pedersen fortel at dei jobbar med å auke eksportdelen av salet. Eit grep for å få til det, er å reise på messer. 

– Vi har nyleg vore på messe i Sverige og no skal vi levere ut fleire tilbod til kontaktar vi skaffa oss der, seier han. 

Snart står messe i Finland for tur, der dei estiske eigarane allereie har gode kontaktar. 

Ermatiko har vore i møbelbransjen sidan 1990-talet og har to fabrikkar i heimlandet. 

Siste lokaleigde møbelprodusent
Kring 500 arbeidarar jobba i Stordal då møbelindustrien var på høgda tidleg på 1990-talet. 

Stordal Møbel var den siste lokaleigde møbelbedrifta i bygda, då dei kasta inn handkleet i april i år. Bedrifta med 21 tilsette hadde røter tilbake til 1932.

Publisert: 22.09.2025 13:10

Sist oppdatert: 22.09.2025 15:26

Mer om