Kort fortalt

Best å bygge vindkraft nær folk

Det viser ny rapport.

NPK
11.10.2022

Det er best for naturen om framtidig utbygging av vindkraft kjem nær folk, viser ein ny SSB-rapport.

– Viss vindturbinane er nær folk, fører det til ein negativ effekt på nærmiljøet til menneska. Men for bevaring av villmark og biodiversitet er det betre, seier forskingsleiar Cathrine Hagem i SSB til NRK.

Rapporten har teke utgangspunkt i vindkraftsøknadane som ligg i databasen til NVE, både dei som er under behandling og dei som har fått godkjenning, men ikkje er bygde.

Forskarane har sett på kva ein bør ta omsyn til når ein skal bestemme kvar vindkraft skal byggjast. Dei har rekna ut lokale miljøkostnader i ulike område, og har også vurdert karbonutslepp, biodiversitet og omsynet til urørt villmark.

Konklusjonen er at vindkraftprosjekta i Nord-Noreg er mest eigna for utbygging. Årsaka er at søknadsområda i mindre grad enn andre dekkjer villmark og biologisk mangfald. Dei har også minst kostnadar i samband med lokal miljøforringing fordi det bur færre menneske i nærleiken av vindturbinane.

Det ligg inne to søknader om utbygging av vindkraft på Vestlandet og ingen på Austlandet. Rapporten konkluderer med at det ikkje vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt å plassere dei nye vindkraftverka i desse landsdelane.

Publisert: 11.10.2022 05:02

Sist oppdatert: 11.10.2022 05:03

Mer om