Kort fortalt

Beste Frp-måling på 15 år

Større enn Venstre og Høgre til saman.

18.12.2024

NPK-NTB: Framstegspartiet er suverent størst i ei fersk partimåling for NRK. Partiet får 27,7 prosent oppslutning, mot Høgres 20,7 prosent.

Frp og Sylvi Listhaug går fram med 2,4 prosentpoeng frå novembermålinga til NRK og Aftenposten , medan Høgre har ein marginal tilbakegang på 0,3 prosentpoeng, langt innanfor feilmarginen.

Om denne målinga hadde vore valresultatet ville Frp fått fleire mandat på Stortinget enn Høgre, Venstre og KrF til saman, viser desembermålinga Norstat har utført for NRK. Høvesvis 52 mot 50 mandat.

– Dette er det høgaste Norstat har målt for Frp på 15 år, seier Mads Motrøen i Norstat. Målinga følgjer den trenden Frp har hatt også på andre målingar.

Arbeidarpartiet har nesten 10 prosents lågare oppslutning enn Frp med 16,8 prosent, men med ein tilbakegang på 0,7 prosentpoeng held også dei seg innanfor feilmarginen, som på denne målinga varierer frå 1,1 til 3,4 prosent.

SV oppnår 6,9 prosent (-2,4), Raudt 6,8 (+1,5), Venstre 4,8 (+0,4), Sp 4,7 (-0,7), KrF 4,2 (+1,3), MDG 3,9 (+,4) og andre parti 3,7 (-1,7).

KrF kan notere seg bak øyret at dei på denne målinga så vidt kjem seg over sperregrensa.

Publisert: 18.12.2024 08:54

Sist oppdatert: 18.12.2024 08:54