Kort fortalt

Betongleverandør legg på Sunnmøre

Snart slutt for Unicon i Ørsta og på Skodje.

09.01.2024

Avdelingane til betongleverandøren Unicon i Ørsta og Skodje blir lagt ned i løpet av året, ifølgje Møre-Nytt.

– Dette skuldast manglande lønsemd over tid. I tillegg står vi overfor betydelege investeringsbehov i komande år som vi ikkje ser vil kunne vere økonomisk berekraftige, seier administrerande direktør Eric Staurset til avisa om bakgrunnen.

Publisert: 09.01.2024 08:29

Sist oppdatert: 09.01.2024 09:12

Mer om