Kort fortalt

Betre arbeidsinkludering enn frykta i fjor

– Svært oppløftande tal, meiner NHO-direktør.

NPK
18.02.2021

(NPK-NTB): 10.000 personar kom i jobb eller utdanning frå arbeids- og inkluderingsbedrifter i 2020. Det er 2.000 færre enn i 2019, men betre enn det NHO hadde frykta.

– I lys av pandemien er dette svært oppløftande tal. Koronakrisa og dei følgjande restriksjonane påverka både oppfølginga og moglegheita for å formidle kandidatar i arbeid, og folk måtte vere i eit tiltak lenger. Det medførte at litt færre fekk eit tilbod, men delen som fekk jobb er på same nivå som i 2019, seier direktør Kenneth Stein i Arbeid & Inkludering i NHO.

Han legg til at om forholda legg til rette for det, er erfaringa deira at næringslivet er opne for å tilsetje personar som har slite i arbeidslivet.

– Erfaringar har vist at desse ofte er svært lojale og stabile medarbeidarar, seier Stein.

Dei 10.000 personane kom frå ein av dei 115 arbeid- og inkluderingsbedriftene i landet. Sjølv om koronapandemien ikkje ført til ein stor nedgang i delen som kom seg vidare frå desse, var det i 2020 4.500 færre som fekk tilbod om arbeidsmarknadstiltak i ei arbeids- og inkluderingsbedrift.

(©NPK)

Publisert: 18.02.2021 11:48

Sist oppdatert: 18.02.2021 19:35

Mer om