Billegare og enklare å reise kollektivt
Det gjeld i Sogn og Fjordane.
20. juni innfører Skyss nye billettprisar for buss i Sogn og Fjordane. Vestland fylke får med det felles prisar og betalingsmåtar for buss.
– Vi får eit meir rettferdig prissystem, og det vert enklare å reise kollektivt i Sogn og Fjordane. Lågare prisar vil gjere det meir attraktivt å pendle med buss, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss, i ei pressemelding.
Endringa betyr at bussreiser blir billegare for dei fleste. I dag betaler ein dei fleste stader per kilometer ein reiser. Med sonepris vil ein frå 20. juni betale ein fast pris, uansett kor langt ein reiser innanfor kvar sone. I ei sone vil ein enkeltbillett koste 40 kroner for vaksen. Med sonepris blir det ekstra billeg å reise langt. Til dømes har ein 30-dagarsbillett mellom Førde og Florø før kosta 2150 kroner, medan ny pris no vil bli 755 kroner.
Sogn og Fjordane blir delt i fire prissoner, og til saman blir det ti soner i heile Vestland. Ein betaler aldri for meir enn fire soner. Dei nye soneprisane vil gjelde på Skyss sine busslinjer og ikkje på ekspressbussar.
Frå 20. juni blir Skyss felles namn for kollektivtrafikken i heile fylket og nettstaden skyss.no blir felles informasjonspunkt, medan kringom.no etter kvart vil bli lagt ned. Med desse grepa blir Kringom og Skyss samla til eitt kollektivrike.
Publisert: 07.06.2022 13:08
Sist oppdatert: 07.06.2022 13:10