NETT NO 26 2
Faksimile: Nett No-magasinet 2026
Nytt

Nett No-magasinet 2026 er ute

«Vegen vidare», heiter det i årets Nett No-magasin, som no er tilgjengeleg digitalt og i papirutgåve på 80 sider.

19.11.2026

Kunstig intelligens har både blitt betre, meir brukt og meir debattert i 2026. Vi ser på både konsekvensar, farar og kva den nye teknologien gjer mogleg framover i årets magasin. Les om Ålesund-bedrifta med fire tilsette som no gjer det same som selskapet måtte hatt 40 tilsette for å greie for få år sidan og milliardgevinst hos Equinor.

Du kan lese 2026-utgåva av magasinet og alle tidlegare utgåver digitalt her

Eigarskap og generasjonskifte er óg tema i 2025-utgåva av Nett No-magasinet, som er den 14. årgangen i rekka. Les om bergenske familiebedrifter og korleis Brunvoll-familien arbeider for bygge identitet og samhald rundt eigarskapet, når femte generasjon er på veg inn på eigarsida. 

Les også om sjukepleiaren som vart investor og er sentral i å bygge opp eit investormiljø i Romsdal. Og om Arve Ekornes har gjort comeback etter livstrugande sjukdom og no er sentral i Ekornes-konsernet si største nysatsing på mange år.

Den årlege gjennomgangen av tilstanden til bedriftene på Nordvestlandet, som vi tek i kvart Nett No-magasin, viser at også 2025 vart eit godt år for næringslivet i regionen vår. Men der er små faresignal. Les om auka uro blant studentane for korleis arbeidsmarknaden blir framover,

Vi håpar at magasinet fell i smak. God lesing! 

Ogne Øyehaug, Marius Rosbach og Paula Zwolenski.

Publisert: 19.11.2026 15:03

Sist oppdatert: 19.11.2026 15:23

Mer om