Kort fortalt
Billegare straum
Regjeringa kuttar 2,9 milliardar i straumavgifta.
08.11.2021
NPK-NTB: På grunn av dei høge straumprisane vil den nye regjeringa leggje fram eit kutt i straumavgiftene på 2,9 milliardar kroner.
Det er finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) som opplyser om kuttet til NRK måndag morgon. Klokka 12 skal regjeringa leggje fram forslaget sitt til endringar i statsbudsjettet.
– I vintermånadene, frå januar til mars, kuttar vi elavgifta med cirka 48 prosent. Resten av året kuttar vi med cirka 9 prosent, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Publisert: 08.11.2021 10:47
Sist oppdatert: 08.11.2021 10:48