Birgitte Ringstad Vartdal ny Statkraftsjef
Styret i Statkraft har utnemnt utflytta sunnmøring til ny konsernsjef.
(NPK-NTB): Ringstad Vartdal kjem frå stillinga som Norden-sjef i Statkraft.
– Statkraft er eit viktig selskap i energiomstillinga av Noreg, Europa og verda, som eg er stolt over å vere ein del av. Vi skal framleis bidra som Noregs klart største kraftprodusent og vere den viktigaste partnaren i industrien gjennom å tilby stabil, grøn energi til konkurransedyktige prisar i dei marknadene vi opererer, seier Vartdal, i ei pressemelding . Ho byrjar i stillinga 1. april.
Før ho vart Norden-sjef i selskapet, var ho konserndirektør for europeisk utvikling av vind- og solkraft i Statkraft. Ho er utdanna sivilingeniør innan fysikk og matematikk frå NTNU, og har ei mastergrad i finansiell matematikk frå Herriot Watt University i Skottland.
Ringstad Vartdal er oppvaksen i Ålesund. Hennar foreldre er Knut og Liv Vartdal.
Ringstad Vartdal etterfølgjer Christian Rynning-Tønnesen som ønskjer å fråtre etter 14 år som konsernsjef.
Vartdal vil få den same grunnlønna som avtroppande konsernsjef på 6,3 millionar kroner. Og som andre leiarar i Statkraft, vil ho ha ei variabel lønnsordning basert på oppnåing, som maksimalt gir 25 prosent av grunnlønn.
Publisert: 18.03.2024 10:21
Sist oppdatert: 18.03.2024 11:43