
Bjørlo snakkar mest på Stortinget
(NPK): Ei oversikt frå Altinget viser at Venstre-politikaren Alfred Bjørlo er den som tar ordet mest på Løvebakken.
Stortingspolitikaren frå Nordfjordeid hadde flest minutt på talarstolen av alle representantane førre stortingssesjon, med heile 377,8 minutt, skriv NRK.
Nummer to på lista er også ein venstrepolitikar. Ola Elvestuen enda opp med 40 minutt mindre enn Bjørlo.
Tala kjem frå ei oversikt gjennomført av Altinget.
– Eg synest sjølv det er mange som snakkar utruleg mykje i salen, så eg fekk litt hakeslepp av at eg snakka mest, seier Bjørlo til Altinget.
Nett No har tidlegare fortalt at Bjørlo er den politikaren frå Nordvestlandet som stilte flest spørsmål til statsrådane i Stortinget.
Les også
Publisert: 06.08.2024 11:37
Sist oppdatert: 06.08.2024 11:37