Alfred bjørlo foto privat 11
FLEST SPØRSMÅL: Alfred Bjørlo (V) nyttar gjerne sjansen så ofte han kan til å stille spørsmål til regjeringa sine statsrådar i Stortinget. Foto: Privat
Nytt

Bjørlo på spørjetoppen framom Sve

At Venstre-politikaren er den som «plagar» regjeringa mest i Stortinget, er resultatet av eit heilt bevisst val.

Marius Rosbach
08.04.2023

Alfred Bjørlo (V) er den politikaren frå Nordvestlandet som har stilt regjeringa flest spørsmål i Stortinget. Det viser ein gjennomgang NETT NO har gjort frå den siste stortingssesjonen frå hausten 2022 og fram til påske.

Venstre-politikaren frå Eid har vore både lokal- og fylkespolitikar i ei årrekkje, men det er først den siste perioden han har vore stortingspolitikar. Han nyttar tida godt om ein skal måle etter kor mange gonger han har stukke seg fram med eit spørsmål til ein av Støre-regjeringa sine statsrådar.

53 skriftlege spørsmål og 8 spørsmål i den munnlege spørjetimen er fasiten sidan oktober 2022 til påske for Bjørlo.

– Eg trur at eg har cirka full kvote på skriftlege spørsmål men endå litt å gå på med dei munnlege, svarar Bjørlo kjapt då NETT NO fortel at han leiar spørjetoppen mellom politikarane frå Nordvestlandet.

– No er Venstre i opposisjon, og vår måte å påverke saker er gjerne å ta initiativ frå Stortinget. Det å stille spørsmål er ein enkel og effektiv måte å gjere det på, fortel han om kvifor han så ofte har nytta sjansen.

Per vidar kjølmoen frank sve debatt foto maritimt forum 11
2. OG JUMBOPLASS: Opposisjonspolitikarar dominerer toppen av lista over politikarar frå Nordvestlandet som har stilt flest spørsmål i Stortinget. Frank Sve (t.h.) frå Framstegspartiet er på 2. plass, medan Per Vidar Kjølmoen frå Arbeidarpartiet ikkje har stilt spørsmål i Stortinget sidan hausten 2021. Foto: Maritimt Forum

Frank Sve på 2. plass
Ein annan opposisjonspolitikar, Frank Sve frå Framstegspartiet, kjem på ein solid 2. plass på spørjetoppen med 51 skriftlege spørsmål og heile 9 spørsmål til spørjetimen.

Derifrå er det eit sprang ned til Birgit Oline Kjerstad (SV) på 3. plass. Deretter følgjer Sylvi Listhaug (Frp) og Helge Orten (H) tett etter (sjå oversikt under).

Færrast spørsmål av opposisjonspolitikarane frå regionen har kome frå SV-politikar Kim Thoresen-Vestre frå Molde.

Av stortingspolitikarane frå regjeringspartia, har Erling Sande stilt to spørsmål – medan Jenny Klinge (Sp) og Per Vidar Kjølmoen (Ap) ikkje har stilt spørsmål i Stortinget sidan hausten 2021.

Spørjetoppen:

Alfred Jens Bjørlo (V) 53 skriftlege spørsmål og 8 spørjetimespørsmål.

Frank Edvard Sve (Frp) 51 skriftlege spørsmål og 9 spørjetimespørsmål.

Birgit Oline Kjerstad (SV) 16 skriftlege spørsmål og 3 spørjetimespørsmål.

Sylvi Listhaug (Frp) 14 skriftlege spørsmål og 5 spørjetimespørsmål.

Helge Orten (H) 13 skriftlege spørsmål og 4 spørjetimespørsmål.

Sveinung Rotevatn (V) 8 skriftlege spørsmål og 3 spørjetimespørsmål.

Kim Thoresen-Vestre (SV) 4 skriftlege spørsmål, ingen spørjetimespørsmål.

Erling Sande (Sp) 2 skriftlege spørsmål, ingen spørjetimespørsmål.

Har spurt om tang og tare, ferje og formuesskatt
Alfred Bjørlo er ikkje i tvil om at det har noko føre seg å stille spørsmål i Stortinget. Ikkje sjeldan fører det til merksemd i media – og spesielt dei munnlege spørjetimane kan by på overraskingar.

At tang og tare fekk innpass i regelverket til norsk sjømat og betre ferjetilbod regionalt, er mellom sakene han trekker fram som vellukka «framstøyt».

Venstre-politikaren fekk nyleg også ut oppdatert og interessant informasjon om kor mange med store formuar som har flytte inn og ut av landet dei siste åra.

– Eit komplett «ikkje-svar» på spørsmålet
Andre gonger – som då finansminister Trygve Slagsvold Vedum nyleg svara om formuesskatt – kan det verke fånyttes.

– Slikt skjer av og til, og var eit komplett «ikkje-svar» på spørsmålet. Samtidig ligg det interessante signal i det, om at det er noko som finansministeren ikkje vil snakke om.

– Litt av vår oppgåve som opposisjon er å «plage» regjeringa med saker dei helst ikkje ynskjer å snakke så mykje om, og om utilsikta følgjer av regjeringa sin politikk. Då blir det iallfall litt meir vanskeleg for dei å føre ein dårleg politikk, ikkje minst for distrikts-næringslivet, legg Bjørlo til.

Ventar svar om eksportsatsing i Ålesund
Eit av dei siste spørsmåla Bjørlo har stilt, er til næringsminister Jan Christian Vestre om status for eksportsatsinga i Ålesund.

Her viser Bjørlo til at Ap-statsråden lova å bygge opp eit «kraftig eksportorientert miljø i Ålesund», mellom anna med ti nye stillingar ved Innovasjon Norge sitt kontor i byen.

Lovnaden kom etter at Støre-regjeringa for eitt år sidan skrota ideen om eit eksportstrategikontor i Ålesund, som skulle stake ut kursen for nye eksportsatsingar.

Alvorleg om statsråden svarar usant
Næringsministeren har åtte virkedagar på seg til å svare slike spørsmål. Og statsrådane pliktar å snakke sant og ikkje villeie.

– Ein statsråd må ta slike spørsmål på alvor. Sjølvsagt kan dei kome unna med å svare unøyaktig, men om dei seier noko som er direkte feil, så vil det vere alvorleg. Spørsmålet kjem frå Stortinget og er ein del av den formelle korrespondansen, påpeiker Bjørlo.

– Det vil sjeldan vere slik at statsråden svarar at «dette var kjempelurt» der og då. Men det har vist seg å vere lurt å pushe fram saker og halde dei varme, også kjem det gjerne ei avklaring litt seinare, seier han.

Publisert: 08.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 08.04.2023 08:50

Mer om