Kort fortalt

Bjørlo (V) tek attval til Stortinget

Vil ha fire nye år.

27.05.2024

(NPK-NTB): Venstre-politikar Alfred Bjørlo frå Nordfjordeid ønskjer fire nye år på Stortinget og opplyser at han seier ja til å stille som listetopp i Sogn og Fjordane i 2025.

Bjørlo vart valt inn på Stortinget i 2021.

– Det einaste eg verkeleg har sakna, er å vere med å styre i posisjon, ikkje berre «puffe på» frå opposisjon, seier Bjørlo.

Han trur og ønskjer at Venstre er ein del av ei ny regjering i 2025.

– Så ein ekstra motivasjon for å stille på nytt i 2025, er at det er ein god sjanse for at Venstre då kan vere med å styre landet, seier han.

(©NPK)

Publisert: 27.05.2024 09:18

Sist oppdatert: 27.05.2024 09:18

Mer om