NPK: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) er ein av åtte kandidatar som er nominerte til Årets kommuneprofil 2019.
Det fortel bladet som står bak kåringa. I omtalen av Bjørlo skriv avisa at han har markert seg nasjonalt som ein kritisk og optimistisk talsperson for distrikta.
Både politiske, administrative og faglege leiarar i kommunar, fylke og kommunale selskap kan få prisen. I kriteria er det mellom anna eit krav at prisvinnaren har utmerkt seg det siste året og gjerne over fleire år.
Dei andre kandidatane er: Hogne Eidissen, prosjektleiar/rådmann i Senja, Erlend Solem, samferdselsdirektør i Trøndelag, Birgit Vall, psykolog og leiar i Stange fram til september, Pål Smits, administrerande direktør for Lindum AS, Pia Pinnerød, ordførar i Bodø, Alf E. Jakobsen, avgått ordførar i Hammerfest, Ingvild Vikingsen Skogestad, avdelingsleiar på Knappskog skole i Fjell.
Kven som skal få prisen, blir avgjort gjennom ei avstemming blant lesarane til Kommunal Rapport. Vinnaren blir offentleggjort fredag 6. desember.

Publisert: 29.11.2019 13:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31