Kort fortalt

Blandar seg ikkje i Hydrosal

Styrets oppgåve, seier næringsministeren.

05.03.2021

NPK-NTB: Næringsminister Iselin Nybø (V) vil ikkje overprøve Hydros avgjerd om å selje valseverka på Karmøy og Holmestrand.

Amerikanske KPS Capital Partners har kjøpt Hydros valseverk for 14,2 milliardar kroner.

– Eg registrerer at Hydro ikkje lenger ser seg tent med å ha valsa produkt som ein del av porteføljen. Dette er ei avgjerd som er fatta av styret. Som eigar respekterer eg rollefordelinga mellom styret og eigar. Det er styret som har ansvaret for å forvalte selskapet. Dette er prinsipp som det er brei politisk semje om, seier Nybø til NTB.

Nærings- og fiskeridepartementet eig 34,3 prosent av Norsk Hydro ASA. Folketrygdfondet har 5,3 prosent av aksjane.

– Senterpartiet vil utfordre næringsministeren på kva ho kan gjere for å stanse salet og ikkje minst sikre at arbeidsplassane på anlegga i Karmøy og Holmestrand blir òg haldne oppe med nye eigarar, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad til NTB.

Arbeidarpartiet meiner Hydros posisjon som ein sterk, norsk industriaktør har falma som følgje av salet.

– Hydros avgjerd om å selje valseverka er svært skuffande, og dei vender no lønnsame norske arbeidsplassar ryggen ved avgjerda, seier stortingsrepresentant Terje Aasland.


Publisert: 05.03.2021 09:30

Sist oppdatert: 05.03.2021 09:41