Kort fortalt

Blei svar skuldig om klimaavgift for skip

Havministeren fekk smekk for ikkje-svar.

24.11.2021
(NPK-NTB): Havminister Bjørnar Skjæran (Ap) vart svar skuldig ta han vart spurd om kva Noreg meiner om ei internasjonal klimaavgift for skip, som er diskutert denne veka.

– Eg beklagar. Eg kan ikkje svare på det spørsmålet, sa fiskeri- og havministeren, som også er nestleiar i Arbeidarpartiet, i Stortingets spørjetime onsdag.

Rammeverket for ei CO2-avgift for skip blir diskutert på eit møte i Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO denne veka. Høgres Linda Hofstad Helleland ville derfor vite kva som er Noregs posisjon i forhandlingane, og viste til at havministeren har koordinerande ansvar for omstilling til grøn skipsfart.


Skjæran svarte først at det var «prematurt» for han å svare på.

– Det svaret overraskar meg, at det er prematurt all den tid FNs organ for regulering av skipsfarten sit i forhandlingar, og møtet går føre seg. Eg hadde rekna med at havbruksministeren hadde sendt politiske signal om kva den norske posisjonen skal vere. Ønskjer Noreg å støtte ei sånn avgift eller ikkje, spurde Helleland, som sit i næringskomiteen på Stortinget.

– Eg har ganske nyleg overteke ansvaret for å koordinere arbeidet med grøn skipsfart. Eg har ikkje eit godt svar på det spørsmålet som blir stilt. Då tenkjer eg det er ærleg å gi det til kjenne. Det skal ikkje bli ein vane, lova Skjæran.

Norges Rederiforbund støttar ei CO2-avgift.

(©NPK)

Publisert: 24.11.2021 15:33

Sist oppdatert: 24.11.2021 15:35

Mer om