Kort fortalt

Blir bygd færre bustader

Lågaste nivå sidan 2010.

08.11.2023

(NPK-NTB): Dei tre første kvartala i år har det vorte gitt bygningsløyve til 16.253 nye bustader i Noreg. Det er 26,2 prosent færre enn same periode i fjor.

Ein må tilbake til 2010 for å finne eit tilsvarande lågt nivå, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

I tredje kvartal vart det gitt igangsetjingsløyve til 5410 nye bustader, noko som er ein nedgang på 17,3 prosent frå same kvartal i fjor.

Sjølv om det blir gitt bygningsløyve, betyr ikkje det nødvendigvis at bygginga blir gjennomført, skriv SSB. Dei ser likevel ikkje den same nedgangen når det gjeld fullføring av bygg.

– Det har samanheng med at det tek tid før bustadene som får igangsetjingsløyve, blir fullførte. Om det framleis blir gitt like få igangsetjingsløyve til nye bustader i 4. kvartal kan vi forvente tilsvarande få fullførte bustader neste år, heiter det.

(©NPK)

vaktsjef@ntb.no

Publisert: 08.11.2023 08:49

Sist oppdatert: 08.11.2023 08:49

Mer om