Kort fortalt

Blir med i EU-nettverk

Ålesund kommune og Framtidslaben med i EU-nettverk i Møre og Romsdal.

25.11.2021

Ålesund kommune representerer offentleg sektor på vegne av alle kommunane i fylket. I tillegg er Framtidslaben representert i nettverket, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Nettverket skal gjere det lettare for dei som har forskings- og utviklingsprosjekt å søke EU-midlar.

Møre og Romsdal fylkeskommune får 1.5 millionar kroner frå Forskningsrådet for å etablere nettverket som skal sjå på kva moglegheiter som ligg i Horisont Europa. Horisont Europa er EU sitt program for forsking og innovasjon og programmet har ei total ramme på om lag 1000 milliardar kroner i perioden 2021 – 2027.

Ålesund kommune har ein hovudrepresentant med vara i styringsgruppa for nettverket (Tore Johan Øvstebø (KrF) og Siv Katrin Ulla (Ap)), i tillegg er framtidsnavigatør Anne-Lise Sagen med.

I pressemeldinga blir det opplyst at i Møre og Romsdal vil EU-nettverket i første omgang arbeide for berekraft og grøn omstilling i havnæringane og kommunesektoren fortel framtidsnavigatør Anne-Lise Sagen Major.

- Nettverket skal gjere det lettare for aktørar med forskings- og utviklingsprosjekt å søke EU-midlar og finne samarbeidspartnarar ute i Europa. Håpet er at nettverket skal gje fleire og betre forskings- og innovasjonssøknadar til Horisont Europa gjennom å forsterke arbeidet til deltakarane og dei allereie etablerte regionale og nasjonale støttetenestene.

Desse er med i EU-nettverkets arbeidsgruppe:

• Møre og Romsdal fylkeskommune

• Møreforskning

• SINTEF

• NCE Blue Legasea/ GCE Blue Maritime

• Ålesund kommune

• NTNU

• NCE Ikuben

• Vest Norges Brusselkontor

Publisert: 25.11.2021 10:56

Sist oppdatert: 25.11.2021 10:59

Mer om