Kort fortalt

Blå brennmanetar trekker nordover

Men mindre å sjå av raude brennmanetar.

13.09.2021

Blå brennmaneter har bevega seg lengre og lengre nord. I sommar vart den sørlege arten funnen heilt oppe ved kysten av Finnmark.

– Først såg vi at blå brennmanet kom til Oslofjorden, derifrå vart dei seinare frakta nordover med kyststraumen. Men aldri har vi sett dei så langt nord som i år, heilt til kysten av Finnmark, seier forskar Tone Falkenhaug til Havforskingsinstituttet.

Blå brennmaneter (Cyanea lamarckii) trivst best i sørlege farvatn, men dei siste ti åra har dei vorte meir og meir vanlege også nord i Nordsjøen. Samtidig har observasjonane av raude brannmaneter vorte stadig sjeldnare.

Dessverre brenn den blå maneta like mykje som den raude, skulle ein vere uheldig å bli brend.

Publisert: 13.09.2021 09:38

Sist oppdatert: 13.09.2021 09:39