Sylvi Listhaug valgnatt foto Peter Mydske Stortinget 11
MEDVIND: Sylvi Listhaug (Frp) kan konstatere at partiet ho leier er størst på Opinions måling og at dei kan danne fleirtal med Høgre på Stortinget. Foto: Peter Mydske/Stortinget
Kort fortalt

Blåblått fleirtal på ny måling

Ein av fire spurde seier dei vil stemme på Frp.

09.01.2025

(NPK-NTB): Frp er framleis det største partiet i landet på januarmålinga frå Opinion, følgt av Høgre og Arbeidarpartiet. 

Det kjem fram i partimålinga Opinion har gjort på oppdrag frå ABC Nyheter og Altinget no i januar. I målinga får Frp ei oppslutning på 25 prosent og Høgre 21,6 prosent, begge går opp 0,6 prosentpoeng frå desember.

Mandatberekninga gir 47 mandat til Frp og 39 til Høgre, noko som gir dei eit fleirtal på 86 av 169 plassar på Stortinget. Dagens regjering, Ap og Sp, får berre 45 samla, 33 av dei går til Ap.

Frp-leiar Sylvi Listhaug gjentek at ho helst vil regjere med Høgre, og ingen andre.

– Målet vårt er ei Frp- og Høgre-regjering. Så kan vi setje oss ned for å snakke med fleire – men då for å få på plass ei Høgre- og Frp-regjering, seier ho til Altinget.

I alt 143.000 Høgre-veljarar kan forlate partiet til fordel for Frp sidan førre stortingsval, ifølgje målinga. Men Listhaugs parti hentar framleis mange veljarar frå regjeringspartia, 71.000 frå Ap og 34.000 frå Sp.

– Frp er også partiet som i størst grad mobiliserer dei som ikkje stemde ved førre val. Høgre hentar framleis mange veljarar frå regjeringspartia, 94.000 frå Ap og 29.000 frå Sp. Men Høgres problem er at dei taper svært mange veljarar til Frp, seier rådgivar Martin Stubban i Opinion til ABC Nyheter.

SV fell mest på målinga med ein nedgang på 2 prosentpoeng til 8,7 prosent.

Alle partia, endring frå desember i parentes:

Ap: 18,1 (+0,5), H: 21,6 (+0,6), Frp: 25 (+0,6), Sp: 6,3 (+1), SV: 8 (-2), Raudt: 5,7 (-0,4), Venstre: 4,7 (-1,2), MDG: 2,8 (-0,1), KrF: 3,2 (-0,1), INP: 1,5 (+0,3) Andre: 2,4 (+0,7).

Opinions partibarometer er basert på 1005 telefonintervju gjennomført frå 2. til 6. januar. Feilmarginen varierer mellom 1 og 3,1 prosentpoeng. Ingen av endringane på målinga er utanfor feilmarginen.

(©NPK)

Publisert: 09.01.2025 11:03

Sist oppdatert: 09.01.2025 11:03

Mer om