Nordøyvegen
BOMPENGEKUTT: Det vert billegare å køyre Nordøyvegen. Foto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Bompengekutt på Nordøyvegen

Dagpendlarar sparer 1.500 kroner i månaden.

26.04.2023

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok tysdag kutt i bompengesatsane for Nordøyvegen, skriv lokalavisa Nordre.

Med 38 mot 8 røyster er det no bestemt at billistar med fossile køyretøy skal betale mindre per passering. Det betyr, for ein som dagpendlar, ein reduksjon frå 7000 til 5500 kroner per månad i bompengar over Nordøyvegen.

Samtidig vart det fleirtal, 30 mot 16 røyster, for å redusere rabatten for el-bilar frå 50 prosent til 30 prosent.

Desse vedtaka betyr at taksen for bensin- og dieselbilar vert redusert frå 175 kroner til 137,60 kroner. For el-bilar vert det ein auke frå 87,60 til 96,32 kroner per passering med brikke og rabatt, skriv avisa.

For å redusere gjennomsnittstakstane må Møre og Romsdal fylkeskommune betale 45 millionar kroner til Vegamot AS. Det føreset at fylkeskommunen avstår frå å krevje inn resterande beløp på 60,3 millionar kroner i bompengar. Tilskotet blir finansiert ved å belaste disposisjonsfondet med 45 millionar kroner.

Bompengeselskapet vil no sende søknad til Statens vegvesen, og først når denne er behandla vil takstane kunne setjast ned, opplyser fylkeskommunen.

Publisert: 26.04.2023 08:37

Sist oppdatert: 26.04.2023 08:44

Mer om