Kort fortalt

Borten Moe innrømmer habilitetsbrot

Braut også regjeringa sine reglar for aksjehandel

21.07.2023

(NPK-NTB): Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) innrømmer at han braut habilitetsreglane i regjeringa ved eit aksjekjøp i Kongsberg Gruppen.

Ifølgje E24 opplyser statsråden og Sp-nestleiaren også å ha brote retningslinjene til regjeringa for aksjehandel.

– Det er ei alvorleg sak, det er ei pinleg sak, og det er ei sak som gjer at det kjem til å setjast spørsmålsteikn ved integriteten min spesielt, og heilt sikkert regjeringa si, seier Borten Moe i eit intervju.

Kjøpte aksjar for 400.000
Han opplyser at han braut habilitetsregelverket til regjeringa då han i januar deltok på eit regjeringsmøte om ein milliardkontrakt til ammunisjonsprodusenten Nammo. Ifølgje E24 kjøpte Borten Moe aksjar for over 400.000 kroner i våpen- og teknologikonsernet Kongsberg Gruppen.

Sistnemnde eig indirekte 25 prosent av Nammo via våpenleverandøren Patria.

Ønsker ikkje å trekke seg
Overfor E24 understrekar Ola Borten Moe at han ønskjer å halde fram som statsråd.

– Eg er uhyre lei meg. Eg beklagar veldig sterkt dei feila eg har gjort, seier han.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har ikkje svart på E24s spørsmål om han framleis har tillit til Borten Moe.

Publisert: 21.07.2023 11:17

Sist oppdatert: 21.07.2023 11:49

Mer om