Kort fortalt
Bot etter truckulykke
Volda-bedrift må betale 300.000 kroner.
19.04.2024
Felleskjøpet Agri må betale ei bot på 300.000 kroner etter ei alvorleg truckulykke utanfor butikken i Volda, skriv Sunnmørsposten.
Ulykka då ei kvinne blei påkøyrd og alvorleg skadd, skjedde i april i fjor.
Det er ikkje påvist konkrete lovbrot, men ut frå ei heilskapsvurdering meiner politiet at det kunne ha vore førebygd betre mot ulykka.
Tidlegare er den tilsette som køyrde trucken dømd til 30 dagar i fengsel for å ha vore aktlaus.
Publisert: 19.04.2024 10:35
Sist oppdatert: 19.04.2024 10:35