Kort fortalt

Brønnbåt tok inn vatn til kai

Måtte lensast for å bli stabilisert.

06.02.2024

Ein brønnbåt som låg til kai ved Fiskerstrand verft tok inn vatn tidleg tysdag, ifølgje ei melding frå politiet i Møre og Romsdal.

Ifølgje Sunnmørsposten var det snakk om Sølvtrans-båten Ronja Supporter. Ingen kom til skade, men fartøyet krenga 15-20 grader før det vart stabilisert ved hjelp av pumper, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

Publisert: 06.02.2024 11:03

Sist oppdatert: 06.02.2024 11:03

Mer om