B tarberg
ENTREPRENØR: Selskapet B. Tarberg utfører ei rekke tenester. Foto: B. Tarberg
Kort fortalt

Bra år for B. Tarberg

Herøy-selskap reduserte innteninga, men betre resultatet.

11.05.2023

Historia til selskapet B.Tarberg AS går tilbake til 1987, då Bjarne Tarberg frå Moltu bestemte seg for å starte eige AS. Han giekk i faren sine fotspor, Kjell Tarberg, som dreiv entreprenørverksemd i mange år.

I 1990 kjøpte Bjarne Tarberg Sandvikvegen 174 i Sandvika, ei gammal sjøbud som tidlegare tilhøyrde selfangstskuta "Selungen". I 2016 vart det nye lokalet til B.T arberg til, rett ovanfor sjøbuda. Her har selskapet kontor, lager og verkstad.

Bedrifta har vokse til 10 tilsette. Eldste sonen, Aleksander, tok over som dagleg leiar i 2016. Drifta vart då utvida frå graving, sprenging, transport og produksjon av masser, til også gjelde planlegging, byggsøk og rådgiving.

I 2022 omsette selskapet for 16,1 millionar kroner, 1,9 millionar mindre enn i 2021 og 7,3 millionar mindre enn rekordåret 2020.

Resultatet før skatt i 2022 enda på 2,9 millionar kroner, der 1,0 millionar kroner kom frå dotterselskapet BT Utbygging.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 16,9 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 1,8 millionar.

Bjarne Tarberg eig 62 prosent av aksjane, medan sønene Aleksander Zahl Tarberg og Kristoffer Tarberg eig 19 prosent kvar.

B. Tarberg
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 16,1 18
Driftsresultat 1,8 1,5
Resultat før skatt 2,9 1,6

Publisert: 11.05.2023 12:00

Sist oppdatert: 11.05.2023 01:59

Mer om