Kort fortalt

Brems i bustadprisveksten

Bustadprisane steig 0,4 prosent i mars-

03.04.2025

NPK-NTB: Bustadprisane held fram med å stiga, men veksten minkar. Prisane steig 0,4 prosent i mars, og korrigert for sesongvariasjonar steig dei med 0,1 prosent.

Så langt i år har bustadprisane stige med 6,5 prosent.

– Den sterke veksten frå januar og februar minka i mars, og i enkelte område som det sentrale Austlandet og Oslo fall faktisk bustadprisane, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Mest oppsiktsvekkjande er det ifølgje direktøren at salet av brukte bustader held fram som aldri før.

– Me har aldri tidlegare sett ein så eksplosiv volumvekst i marknaden for brukte bustader som i år, seier han.

Gjennomsnittsprisen for ein bustad i Noreg var 4.890.513 kroner ved utgangen av mars.

Publisert: 03.04.2025 12:16

Sist oppdatert: 03.04.2025 12:17