Brems i hyttesalet
Stort fall samanlikna med i fjor.
Salet av hytter har teke av dei siste åra, men i årets første månader vart det selt 50 prosent færre fritidsbustader enn på same tid i fjor.
Det viser tal frå Boligprodusentenes Forening.
– Det fell i forhold til det vi hadde under pandemien, då var det reine bonanzaen i hyttemarknaden, seier administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening, Per Jæger, til P4-nyheitene.
På landsbasis har salet av nye fritidsbustader falle med 50 prosent samanlikna med same kvartal i fjor.
I 2021 vart det selt 7.205 nye hytter, ein auke på 17 prosent frå 2020, som også var eit godt år. I 2020 auka salet av nye hytter med 37 prosent frå året før.
– No har det komme meir ned på normalen, men det er framleis mykje bygging av nye hytter, forklarer Jæger.
Publisert: 22.04.2022 11:26
Sist oppdatert: 22.04.2022 11:27