Brenna: – Vi sløser med folk og ressursar
Titusenvis av deltidstilsette ønskjer meir jobb, viser ny rapport.
(NPK-NTB): Ein ny heiltidsrapport viser at titusenvis av deltidstilsette ønskjer meir jobb. Sløsing med folk og ressursar, meiner arbeids- og inkluderingsministeren.
– Vi har 30.000 årsverk i reserve dersom alle som ønskjer å jobbe heiltid, får høve til det. Det er nøyaktig like mange sjukepleiarar vi vil trenge i 2040. Vi sløser med folk og ressursar når nokon går ufrivillig deltid, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).
Heiltidsrapporten utarbeidd av Oslo Economics viser at omtrent 20 prosent av sysselsette i Noreg jobbar deltid. Summerer ein opp kor mange av desse som ønskjer å jobbe meir utgjer det 30.000 årsverk.
Fleire verksemder svarer at dei ønskjer å redusere omfanget av deltid, men at det er vanskeleg å få til i praksis. Brenna seier regjeringa vil bidra til fleire heiltidsstillingar.
– Velferd og verdiskaping i framtida er avhengig av at mange av oss jobbar. Fleire må jobbe heiltid, og fleire arbeidsgivarar må sørgje for heiltidsstillingar.
(©NPK)
Publisert: 13.03.2024 13:27
Sist oppdatert: 13.03.2024 13:27