Kort fortalt

Brimer råka av brann

Store skader ved sprøyteavdelinga.

13.02.2022

Sprøyteavdelinga til Brimer på Kvamsøya fekk store skader i ein brann søndag, ifølgje Vestlandsnytt.

Dagleg leiar Tore-Jakob Reite fortel til avisa at han er letta over at brannen ikkje førte til personskader.

110-sentralen for Møre og Romsdal melde på Twitter søndag morgon at det var opne flammar og røykutvikling. Ved 8.45-tida hadde røykdykkarar vore inne i bygget og hadde kontroll over situasjonen.

Publisert: 13.02.2022 17:52

Sist oppdatert: 17.02.2022 15:12