Kort fortalt

Brot i elektroforhandlingane

Lønnsforhandlingane for 14.000 elektrikarar til mekling.

29.04.2022

NPK-NTB: EL og IT Forbundet har brote lønnsforhandlingane med landsforeininga Nelfo. Om lag 14.000 elektrikarar er organiserte i forbundet.

– Betaling for reisetid er eit prioritert krav frå medlemmene våre, og det har vi vore tydelege på i heile forhandlingsprosessen. Dessverre har det ikkje vore mogleg å bevege arbeidsgivarane på dette punktet, seier leiar i EL og IT Forbundet og forhandlingsleiar, Jan Olav Andersen.

Forhandlingane starta tysdag, men no må partane møtast hos Riksmeklaren.

– Vi starta forhandlingane med godt mot og fekk avklart mange spørsmål, men dessverre klarte vi ikkje å bli samde om alt. Til det var avstanden oss imellom for stor, seier Ove Guttormsen, administrerande direktør i Nelfo.

Publisert: 29.04.2022 06:14

Sist oppdatert: 29.04.2022 06:16