Kort fortalt
Brot i frontfagsoppgjeret
Oppgjeret ngår til mekling.
21.03.2024
NPK-NTB: Det er brot i lønnsforhandlingane mellom Fellesforbundet og Norsk Industri, som starta måndag. Oppgjeret går no til mekling.
Det var Fellesforbundet som kravde forhandlingane for avslutta torsdag, melder forbundet i ei pressemelding.
– Vi har hatt konstruktive rundar med motparten, men forhandlingane går ikkje raskt nok framover. No treng vi at det blir bora djupare i krava og blir større framdrift. Derfor tek vi no oppgjeret vidare til mekling, seier Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum.
Publisert: 21.03.2024 13:41
Sist oppdatert: 21.03.2024 13:41