(NPK): Selje og Vågsøy blir ikkje samde om kven som skal få kommunesenteret i ein ny kommune. No har forhandlingane stoppa opp.
Situasjonen var fastlåst etter få timar med forhandlingar torsdag føremiddag, skriv . Selje-ordførar Stein Robert Osdal har sett seg lei på sentraliseringa og vil ikkje gå med på at Vågsøy blir sentrum for ein ny storkommune på kysten i Nordfjord.
– Vi høyrer retorikken i alle omorganiseringar i statlege etatar – at det skal vere større «robustheit» og nærare fagmiljø. Slikt gjer at vi i Selje opplever at den eine etaten etter den andre legg ned og flyttar til Måløy. Skal vi ha det på same måten når det gjeld kommunesenter blir Selje tappa for kompetansearbeidsplassar, seier Osdal.
Ordførar Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy vil ikkje kalle det «brot» i forhandlingane. Ho skal drøfte saka vidare i formannskapet.
– Eg trur det er litt tungt for formannskapet å svelgje at kommunesenteret skal liggje i Selje, men vi har respekt for Selje sitt syn, seier ho til NRK.
– No må vi tilbake til formannskap og kommunestyre, som må diskutere vegen vidare. For slik det er no er det ikkje rom for vidare samtaler, seier Selje-ordførar Osdal.
Forhandlingane mellom Selje og Vågsøy er komne i stand etter at fylkesmann Anne Karin Hamre føreslo tvangssamanslåing av dei to kommunane. (©NPK)

Publisert: 10.11.2016 15:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43