Kort fortalt

Brukar svart kalk på Geirangervegen

Håper det vil gi tidlegare vegopning.

NPK
26.04.2021

Fjellovergangen på fylkesveg 63 mellom Geiranger og Skjåk kan kanskje opne tidlegare i år fordi ein brukar svart kalk for å tine Stavbrekkfonna. Det er første gong dette trikset blir testa der.

I fjor opna ikkje denne fjellovergangen før 17. juni.

– Formålet er at den svarte kalken skal gjere at det blir varmare når sola står på, slik at snødekket kan smelte fortare, fortel Andreas Sande Lien til NRK. Han jobbar med drift av riks- og fylkesvegane i Ottadalen.

Det er mindre snø på Geirangervegen no enn det brukar å vere, men det er stor rasfare frå Stavbrekkfonna.

Vanlegvis opnar vegen rundt midten av mai. Om han kan opne tidlegare i år med hjelp frå tonnevis med svart kalk står att å sjå.

Publisert: 26.04.2021 14:08

Sist oppdatert: 26.04.2021 14:10

Mer om