Bruksforbod for nye politibåtar
Teknisk krøll og er for lange for ny forskrift.
(NPK-NTB): Fleire nye politibåtar som vart leverte i fjor og i år, er så lange at dei ikkje innfrir tryggingskrav. Nokre har også hatt tekniske problem som har ført til bruksforbod.
Då politiet inviterte til pressetreff om dei nye politibåtane, opplyste dei at båtane er 13,8 meter lange. Og det er lengda som no skaper problem for alle politidistrikt med ny båt, skriv Bergens Tidende.
I ei forskrift om navigasjon og navigasjonshjelpemiddel er det nemleg krav til båtar som er lengre enn 12 meter. Og dei nye politibåtane oppfyller ikkje desse krava.
Mellom anna seier forskrifta at det ikkje kan vere sota ruter i båten og at han må ha ein bruvaktalarm, som er ei teknisk innretning som sørgjer for at dei som fører båten, ikkje sovnar eller er for lenge borte.
Forskrifta kom likevel etter at båtane var bestilte – men har tilbakeverkande kraft.
Politiets fellestenester (PFT), som er ansvarlege for innkjøp i politiet, har sendt eit brev til politidistrikta som er ramma.
I tillegg har det vore fleire innkøyringsproblem med dei nye båtane, og politibåten i Bergen måtte liggje til kai med bruksforbod på grunn av skadelege gassar.
Andre problem har vore motorhavari, knappar på beteningspanel som ikkje verkar, vasslekkasje frå tak, batteriproblem og lekkasje frå toalett, ifølgje Politiforum.
(©NPK)
Les også
Publisert: 21.12.2023 11:19
Sist oppdatert: 21.12.2023 11:19