Kort fortalt

Brunvoll-kontrakt på to nye vindskip

Skal levere propell- og manøvreringssystem.

08.02.2024

Propell- og manøvreringssystema skal leverast til to serviceskip for vindkraftindustrien, som Vard byggjer for Windward Offshore. Det melder Brunvoll i ei pressemelding.

I fjor haust fekk Brunvoll ein kontrakt på to tilsvarande skip. Då Windward Offshore og Vard i år blei samde om å bygge to til, fekk Brunvoll også det oppdraget.

Verdien på oppdraget blir ikkje opplyst. Nyleg blei det kjent at Molde-konsernet auka inntektene kraftig i fjor, og omsatte for kring 1,5 milliardar kroner.

Publisert: 08.02.2024 11:40

Sist oppdatert: 08.02.2024 13:13

Mer om