Kort fortalt

Brunvoll-kontrakt på ny trålar

Leveransar til nytt Tyrkia-bygg.

Marius Rosbach
07.05.2021

Brunvoll skal levere system for framdrift og manøvrering til den pelagiske trålaren Liafjord til Liegruppen Fiskeri utanfor Bergen, ifølgje ei pressemelding.

Kontrakten er inngått med Cemre Marin Endustri i Tyrkia, som bygger trålaren designa av Salt Ship Design. Verdien på avtalen blir ikkje opplyst.

Første del av leveransen skjer mot slutten av året, medan hovudleveransen skjer i løpet av første halvår 2022.

Publisert: 07.05.2021 08:03

Sist oppdatert: 07.05.2021 08:03

Mer om