Brunvoll med ny Skottland-kontrakt
Skotske Sunbeam Fishing Limited sin nye trålar vil bli utstyrt med Brunvoll-produkt.
Det skotske selskapet vil ha fleire av Brunvoll-produkt i systemet sitt, heiter det i ei pressemelding frå Brunvoll.
Hovedpropulsjon, sidepropellar, opptrekkbar azimuth combithruster og BruCon kontroll-system er det Brunvoll vil bidra med.
Trålaren til Sunbeam er designa av Salt Ship Design og skal byggast ved Myklebust Verft.
Skipet vil etter planen leverast rundt årsskiftet 2025/2026.
– Ordreinngangen i år er vesentleg mykje bedre enn fjoråret. Vi er veldig glade for å få slike ordre. Vi henger med heilt inn og får gode samarbeidspartnerar, seier salssjef i Brunvoll, Stig Helland, til Nett No.
Publisert: 16.10.2023 13:26
Sist oppdatert: 29.11.2023 10:26