Kort fortalt
Brunvoll-propellar til seglskip
Kontrakt til to fartøy.
26.04.2024
Det er reiarlaget Orient Express Silenseas som skal bygge to 220 meter lange cruiseskip hos franske Chantiers de l'Atlantique.
Begge skal utrustast med to propellar frå Brunvoll. Propellane får ein diameter på 3,9 meter og kan settast i nøytral stilling for å minimere motstand når dei ikkje er i bruk.
Brunvoll har fått ein god start på året og ordreinngangen til Brunvoll målt i antall kontraktar er omlag den same.
Starten av 2023 var prega av mange fiskebåtkontraktar, medan det etterkvart endra seg i retning fleire kontakter i offshoremarknaden ifølgje selskapet.
Publisert: 26.04.2024 09:27
Sist oppdatert: 26.04.2024 12:52