Kort fortalt

Bryggeri risikerer bot om dei blir tagga

Reklame meiner Helsedirektoratet.

09.01.2023

(NPK-NTB): Norske bryggjeri kan få bøter dersom folk taggar dei i skryte-innlegg i sosiale medium.

Stavanger-bryggjeriet Salikatt fekk nyleg eit førehandsvarsel om vedtak frå Helsedirektoratet. Dei har fått beskjed om å fjerne alle lenkjer til privatpersonar med innlegg om produkta deira, skriv Stavanger Aftenblad.

Når privatpersonar deler bilete eller innlegg i sosiale medium av alkoholhaldige produkt dei likar og taggar selskapa som lagar dei, kan selskapa risikere bot.

Helsedirektoratet meiner at desse innlegga er reklame for alkohol, noko som er ulovleg i Noreg.

I brevet frå Helsedirektoratet står det at kommentarar og bilete frå privatpersonar og tredjepersonar no skal vurderast som noko profileigaren sjølv har lagt ut.

(©NPK)

Publisert: 09.01.2023 08:24

Sist oppdatert: 09.01.2023 08:26

Mer om