Kort fortalt

Stor Busengdal-kontrakt

Oppdrag på vassbehandlingsanlegg.

28.10.2024

Entreprenørselskapet Busengdal har vunne ein av dei større kontraktane om bygging av Fremmeholen vassbehandlingsanlegg i Ålesund. Verdien er på 70,8 millionar kroner.

Selskapet skal mellom anna legge ny råvassleidning frå pumpestasjonen til vassbehandlingsanlegget, leidning vidare til krysset mellom Alvikvegen og Brusdalsvegen, for å kople seg på dagens forsyningsnett og leidning for reint vatn frå vassbehandlingsanlegget i retning mot anlegget i Vasstranda. 

I tillegg kjem arbeid med fortau og gatelys langs Rødsetvegen og Brusdalsvegen og ventilhus ved krysset Alvikvegen/Brusdalsvegen, skriv Ålesund kommune i ei pressemelding.

Arbeidet skal starte i år.

Publisert: 28.10.2024 08:55

Sist oppdatert: 28.10.2024 09:38

Mer om