Busengdal veibust foto statens vegvesen 2
SIGNERING: Partane samla til signering av kontrakt. I midten divisjonsdirektør Kjell Inge Davik (t.v.) i Statens vegvesen og dagleg leiar Rolf-Anders Håberg i Busengdal. Foto: Statens vegvesen
Kort fortalt

Busengdal sikra storkontrakt

Stordal-firma skal bygge nytt Veibustkryss.

Marius Rosbach
20.10.2025

Entreprenøren Busengdal har sikra seg ei kontrakt på ombygging av E39 Veibustkrysset ti ein verdi av 78 millionar kroner utan moms. 

Arbeidet med det sterkt trafikkerte krysset på E39 sør for Ålesund, startar så snart om mogleg, ifølgje ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Partane signere kontrakt fredag .

- Vi er svært fornøgde med å bli vald som hovudentreprenør på E39 Veibustkrysset. Dette er eit viktig samferdsels- og utbetringsprosjekt i vår region, som betyr mykje for veldig mange, uttaler dagleg leiar Rolf Anders Håberg i Busengdal i meldinga. 

Fem entreprenørar kom med tilbod på arbeidet og Busengdal hadde både det rimelegaste tilbodet, og det beste forholdet mellom pris og kvalitet, i høve til tildelingskriteria i konkurransen, blir det opplyst.

Veibustkrysset skal byggast om til eit nytt toplanskryss med tilhøyrande av- og påkøyringsramper. Eksisterande bru under E39 skal rivast, og det skal byggjast ny bru med to køyrebaner og fortau under brua.

Arbeidet skal vere ferdig sommaren 2027. 

Publisert: 20.10.2025 09:36

Sist oppdatert: 20.10.2025 09:36

Mer om