Kort fortalt

Bustadbygginga stuper

På sitt lavaste nivå på ti år.

22.05.2023

Talet på igangsetjingsløyve til nye bustader fall med 24,7 prosent frå 1. kvartal i fjor til 1. kvartal i år, viser nye tal frå SSB.

I første kvartal i år vart det gitt igangsetjingsløyve til 6065 nye bustader. Vi må tilbake til 3. kvartal 2011 for å finne eit kvartal med færre igangsetjingsløyve til nye bustader, viser byggjearealstatistikken frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Sjølv om ein bustad har fått igangsetjingsløyve, betyr ikkje det nødvendigvis at bygging blir gjennomført. Bustadprosjekt krev vanlegvis at ein viss del bustader er selde før bygginga startar. Stigande prisnivå kombinert med høge renter gjer bustadprosjekta kostbare for både utbyggjar og kjøpar. Uvissa har ført til skrinlegging og utsetjing av prosjekt, noko som blir reflektert i igangsetjingstala, skriv SSB.

Ser vi på april vart det gitt igangsetjingsløyve til 1107 nye bustader i april, ein nedgang på 40,1 prosent samanlikna med april i fjor. Sist det vart registrert færre igangsetjingsløyve til nye bustader var i juni 2009.

Det har også vore eit fall i talet på igangsetjingsløyve til nye bustader i bustadblokker. Tala viser ein nedgang på 39,7 prosent frå 1. kvartal 2022 til 1. kvartal 2023.

Publisert: 22.05.2023 10:18

Sist oppdatert: 22.05.2023 10:18