Kort fortalt

Bustadprisane fall i juni

Har likevel auka med 8,8 prosent i år.

05.07.2022

(NPK-NTB): Bustadprisane her i landet fall med 0,3 prosent frå mai til juni, viser tal frå Eiendom Norge. Dei beskriv likevel juni som ein sterk bustadmånad.

Justert for sesongvariasjonar auka prisane nemleg med 0,3 prosent.

– Bustadprisane i Noreg sokk i juni, men den underliggjande prisutviklinga var positiv med ein sesongkorrigert vekst på 0,3 prosent. Det har vore ei svært sterk utvikling i bustadmarknaden i første halvår og bustadprisane har så langt i år stige med heile 8,8 prosent, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Prisane har no stige med 8,8 prosent dei siste 12 månadene, og i snitt var prisen for ein bustad i Noreg 4.568.840 kroner i juni. Den gjennomsnittlege omsetningstida var 25 dagar i juni.

I mai steig prisane med 1,2 prosent.

Publisert: 05.07.2022 11:17

Sist oppdatert: 05.07.2022 11:19

Mer om